Attentatet i Apeldoorn 2009

Attentatet i Apeldoorn 2009 var eit attentat mot den nederlandske kongefamilien som fann stad 30. april 2009. Under feiringa av nasjonaldagen (Koninginnedag) i byen Apeldoorn i Nederland køyrde ein mann ein bil med høg fart inn i paraden som passerte gjennom byen. Paraden blei leia av ein open buss med den nederlandske kongefamilien. Ingen av dei kongelege kom til skade men sju tilskodarar som stod langs gata og såg på paraden vart drepne, og mange vart skadde.

Oversikt over hendinga. ██ Ruta til bussen med kongefamilien. ██ Ruta til personbilen.