Aud Blegen Svindland
Aud Kjellaug Blegen Svindland (10. juni 1928–1. januar 2019) var ein norsk lege frå Vestre Toten i Oppland. Ho er kjend for si rolle på områda seksualopplysning, prevensjonsrettleiing og i striden for retten til sjølvbestemt abort.
Aud Blegen Svindland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juni 1928 Vestre Toten kommune |
Død | |
Yrke | politikar, lege |
Politisk parti | Arbeidarpartiet, Høgre |
Aud Blegen var dotter til ein gardbrukar på Toten. Ho utdanna seg til lege ved universitet i Zürich i Sveits. På 1960-talet markerte ho seg offentleg i saker som gjaldt kvinner og miljøvern. Perioden 1972-77 var ho overlege i Hygienekontoret i Helsedirektoratet, samstundes som ho stod i fremste rekke mellom aktivistane som arbeidde for sjølvbestemt abort. Sidan 1978 var ho overlege i Direktoratet for Statens Arbeidstilsyn og leiar for bedriftshelsetenesta.