Aud Maggi Andersen

Aud Maggi Andersen (22. november 192026. august 2000)[1][2] var ei norsk kvinne som arbeidde som angivar for Gestapo under andre verdskrigen. Ho var einaste kvinne som vart dømd til døden under rettsoppgjeret etter krigen.[3] Dommen vart seinare omgjord til tvangsarbeid på livstid. Ho vart lauslaten i 1951.

Aud Maggi Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1920
Aurskog
Død

26. august 2000 (79 år)
Bjørkelangen

Bakgrunn og virke endre

Aud Maggi Andersen var fødd i 1920 i Aurskog. Mor hennar Mari Evensen (f. 1902) var ei ugift tenestejente, og faren Erling Emilsen Fossen (f. 1896) var ikkje i biletet då ho vart fødd. Ni månader gammal vart ho sett bort, og ho vart ifølgje kyrkjeboka seinare adoptert. Etter konfirmasjonen vart ho hushjelp og barnepleiar på fleire stader. I 1942 fekk ho så jobb som hushjelp hos ein kjøpmann på Nordstrand.

7. januar 1944 vart Aud Maggi Andersen arrestert av Gestapo, og plassert på Bredtveit fengsel. Årsaka til arrestasjonen var at ho hadde hjelpt to ungdommar, Will Johansen og Albert Nikolaisen, å flykta over grensa til Sverige. Nokre veker etter arrestasjonen vart ho overført til Grini fangeleir, og den 7. mars 1944 vart ho henta avhøyr på Victoria terrasse hos SS-Hauptsturmführer og Kriminalkommissar Ernst Josef Albert Weiner og Kriminalsekretär Josef Heinrich Seufert. Etter avhøyret vart ho send tilbake til Grini fangeleir, og 23. mars 1944 vart ho lauslaten, utan nærare forklaring.

Nokre veker seinare vart ho innkalla til møte med Weiner på Victoria terrasse, som ville ha henne med på eit tysk radiotelegrafkurs. Ho skal under kurset ha byrja å arbeida som hushjelp hos Weiner i Hjelms gate 7. Ho var då i ferd med å bli ein av dei hemmelege agentane til det tyske tryggingspolitiet. På seinsommaren 1944 vart ho formelt tilsett som betalt agent i Gestapos agentavdeling, Referat IV N. Ho fekk dekknavnet Wenche Sørensen og vart tildelt agentnummer 83. Lønna ein fekk for slikt arbeid var gjerne fri leilegheit og mellom 400 og 600 kroner i månaden, noko som var ei svært god lønn. Aud Maggi Andersen skal ha fått fri hybelleilegheit i Trondheimsveien 139, 160 kroner i veka i kontantar og dessutan sigarettar og brennevin, og bonus på 50 til 100 kroner for spesielt viktige opplysningar.

Ikkje lenge etter at ho vart agent fekk ho kontakt med Hans Konrad Andersen, som var med i ei sabotasjegruppe kjent som Formo-gruppa i Oslo. Dei møttest på Møllhausen konditori, der Aud Maggi Andersen observerte dei, og fleire av dei skrytte til henne av ting dei heldt på med. Ho gav opplysningar vidare til Seufert, som saman med Bernt Gustav Somdalen følgde opp saka. Fleire medlemmer av Formo-gruppa besøkte henne i leilegheita i Trondheimsveien, og fekk servert brennevinet Gestapo forsynte henne med. Det vart til tider vill festing, såpass at naboane klaga. Vaktmeisteren i bygningen samarbeidde også med Gestapo og på eit tidspunkt vart ho innkalla av Seufert og utskjelt for at ho tiltrekte seg for mykje merksemd med festane. Hadde motstandsmennene teke tryggleik litt meir på alvor kunne dei også lett funne ut at leilegheita var beslaglagd av tyskarane, og dermed avslørt henne. Ho byrja å gå meir stille i dørene, men innleidde eit forhold til Kåre Lorang Andersen, som var medlem av motstandsgruppa.

27. november 1944 gjennomførte Gestapo ein rassia på konditoriet under eit møte i motstandsgruppa, og seksten personar som Andersen hadde peika ut vart arresterte. Andersen var sjølv til stades og skulle bli «arresterte», for at ho ikkje skulle bli avslørt som agent, men av ein eller annan grunn tok Gestapo ikkje med seg henne. Sju av dei arresterte vart avretta på rettarstaden på Akershus festning den 9. februar 1945 som represaliar for likvideringa av Karl Marthinsen. I tillegg angav ho sju andre motstandsfolk som vart arresterte, og fleire av dei vart også utsette for tortur.

Aud Maggi Andersens rolle som agent vart ikkje avslørt før etter frigjeringa, då Ernst Weiner kom med opplysningar om henne i avhøyr. Weiner skaut seg på cella på Akershus festning. Seufert vart dømt til døden, benåda til tvangsarbeid på livstid og rømde til Tyskland i 1952

Under landssvikoppgjeret kom saka hennar opp for Eidsivating lagmannsrett. Aktor la ned påstand om dødsstraff, under tilvising til at ho var «et så slett menneske at samfunnet må skille seg av med henne».[4] Den 1. mars 1946 vart Andersen dømt til døden. Dommen fall under dissens, med fem dommarar som gjekk inn for dødsstraff, medan dei to siste ville dømma henne til tvangsarbeid i tjue år. Andersen tok tilsynelatande dommen med fatning, men skal ha brote saman etter at retten hadde forlate salen.

Neste steg ville normalt vera anke til Høgsterett, men saka tok ein liten omveg. Den 5. mars 1946 vart ho behandla i ein regjeringskonferanse, der justisminister Oscar Christian Gundersen orienterte om saka. Hans forslag var at regjeringa skulle gi garanti om benåding til fengselsstraff dersom dommen vart vedteken. Statsminister Einar Gerhardsen, finansminister Erik Brofoss og fiskeriminister Reidar Carlsen gav ikkje tilslutning til dette.

Dermed vart saka anka til Høgsterett. Den 19. juni 1946 vart ho behandla, med Harald Ramm som forsvarer. Påstanden deira var nedsetjing av straffa til livstidsstraff. Aktor K.J. Wiese la ned påstand om vidareføring av dødsdommen til lagmannsretten. Høgsterett sette ned straffa frå dødsdom til tvangsarbeid på livstid, og rettstap på 10 år.[5] Andersen vart deretter plassert på arbeidshuset for kvinner på Bredtveit fengsel. Ho vart lauslaten på prøve ved kongeleg resolusjon av 21. desember 1951.

Ho levde eit tilbaketrekt liv etter lauslatinga. Ho gifta seg og fekk barn.

Kjelder endre

  1. Aurskog prestekontor Kirkebøker, Ministerialbok nr. I 14, 1911-1926, s. 51. - Digitalarkivet
  2. «Indre Akershus Blad». 28. august 2000. s. 19. «(Dødsannonse)» 
  3. Roys mor ble dømt til døden - Romerikes Blad, publ. Publisert: 25. november 2014, lest: 23. oktober 2015.
  4. Sitert fra Vaale, Lars-Erik: Dommen til døden: Dødsstraffen i Norge 1945–50. s. 87. Oslo. 2004.
  5. «Arbeiderbladet». 20. juni 1946. s. 2. 

Bakgrunnsstoff endre