August Wilhelm Boesen

August Wilhelm Boesen (fødd 12. august 1812 i Vigerslev på Fyn, død 17. november 1857 i Bologna) var ein dansk kunstmålar.

August Wilhelm Boesen
Statsborgarskap Danmark
Fødd 12. august 1812
Vigerslev
Død

17. november 1857 (45 år)
Bologna

Yrke kunstmålar, landskapsmålar
August Wilhelm Boesen på Commons
«Drammenselven». Olje på lerret ca. 1840. Tilhøyrer Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Boesen gjekk på Kunstakademiet i København, men slutta utan å fullføre. Dei fyrste arbeida hans var landskapsmålerier frå heimtraktane på Fyn, fleire av desse vert kjøpt av kong Fredrik VII av Danmark.

Boesen var på fleire reiser i Europa, blant anna i Noreg og Sverige. I bokverket Norge fremstillet i Tegninger av Christian Tønsberg frå 1848 er eit litografi av eit av måleria hans frå Drammen.

Boesen gifta seg i 1845 med Mathilde Henriette Sommer (1811-1890), dotter av kjøpmann Hans Jessen Sommer og Christiane Kaasbøll frå Trondheim.

Kjelder endre