Marie-Auguste Massacrié-Durand (18. juli 183031. mai 1909) var ein fransk komponist, organist, musikkritikar og musikkforleggjar frå Paris.

Auguste Durand
Fødd 18. juli 1830
Paris
Død

31. mai 1909
Paris

Yrke komponist, organist, musikkritikar

BiografiEndra

Den fyrste delen av det vaksne livet sitt dreiv Durand for det meste med musikkritikk. [1] Durand og Louis Schönework inngjekk eit samarbeid, og kjøpte opp Flaxland musikkforlag i 1869. Seinare skifte forlaget namn til Durand et Schönewerk, som vart opphavet til Durand & Cie. Forlaget er verksamt enno, og har spesialisert seg i å trykkja franske komponistar som t.d. Saint-Säens, Rameau, Claude Debussy, Georges Bizet og Maurice Ravel. [2]

Durand arbeidde som organist i fleire kyrkjer i Paris i løpet av karrieren sin. Han komponerte mellom anna messer og verk for orgel, men også songar, til dømes Comme à vingt ans ("Som i ungdommens år").

Verk (utval)Endra

  • Annette et Lubin, Opus 79
  • Chaconne, Opus 62
  • Vals nr. 1, Opus 83
  • Vals nr. 2, Opus 86
  • Vals nr. 3, Opus 88
  • Vals nr. 4, Opus 90
  • Vals nr. 5, Opus 91
  • Vals nr. 6, Opus 96 [3]

KjelderEndra

ReferansarEndra