Aulne er ei 140 km lang elv i vestlege delar av Frankrike. Ho renn ned åsane i Bretagne og munnar ut i ei av dei mange fjordliknande buktene like sør for Brest. Elva er ein del av Canal de Nantes à Brest, ein kanal som ein gong knytte Nantes ved elva Loire til hamnebyen Brest ved Atlanterhavet. Delar av kanalen er framleis framkomeleg, men ein kan ikkje lenger kome frå Brest til Nantes via kanalen på grunn av vasskraftverket Guerledan, som la fleire av dei opphavlege slusene under vatn. Aulne renn mellom anna i gjennom Châteaulin.

Aulne
elv
Land  Frankrike
Lengd 140 km
Kjelde Bretagne
Munning Atlanterhavet like sør for Brest
Kart
Aulne
48°28′27″N 3°29′46″W / 48.474166666667°N 3.4961111111111°W / 48.474166666667; -3.4961111111111
Wikimedia Commons: Aulne (river)
Châteaulin and Aulne

Aulne på fransk tyder «or». Enkelte ortre, som piletre, likar våte omgivnadar, så dei veks ofte langs elvar som Aulne, eller i myrområde.

Kjelde endre

NoorderSoft database over vassvegar