Aursøya

(Omdirigert frå Aursøy)

63°52′10.906″N 8°38′11.548″E / 63.86969611°N 8.63654111°E / 63.86969611; 8.63654111

Mausund med brua til Aursøya i framgrunnen.

Aursøyan (eller Aursøy) utgjer saman med Måøya, Gårdsøya, og Geitøya øygruppa Mausund i Frøya kommune i Trøndelag.

Aursøyan består av Litle Aursøya og Storaursøya, men øyane vert i daglegtale omtalt som «Aursøya». Litle- og Storaursøya er knytt saman med bru. Litle Aursøya er knytt saman med Måøya via «Aursøybrua» som opna i 1979.