Australian National Antarctic Research Expeditions
Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) er det historiske namnet på Australian Antarctic Program (AAp), som vert administrert av Australia og Australian Antarctic Division (AAD).
Namnet ANARE fall ut av bruk tidleg i 2000-åra. Australia har lenge vore aktive i Antarktis, heilt sidan Douglas Mawson og hans Australasian Antarctic Expedition var der i 1911. I tillegg var Australia med på British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE), som vart utført i 1929-1931. Australian National Antarctic Research Expeditions vart oppretta i 1947 med ekspedisjonar til Macquarie Island og Heard Island. I 1948 vart Australian Antarctic Division (AAD) oppretta for å styre ekspedisjonsprosjektet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Australian National Antarctic Research Expeditions» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tim Bowden, The Silence Calling: Australians in Antarctica 1947-97: the ANARE Jubilee History (St Leonards: Allen & Unwin, 1997).