Avezzano

kommune i Italia

Avezzano er ein by og ein kommune i provinsen Provinsen L'Aquila i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har om lag 41 000 ibuarar og eit areal på 104 km².

Utsikt over Avezzano
Avezzano etter jordskjelvet i 1915

Byen er senter for handel, industri og landbruk i Marsica-området, landområdet der folkegruppa marserane budde. Avezzano hyser fleire høgteknologiske verksemder, som ei avdeling av Micron Technology og ein jordstasjon for firmaet Telespazio.

Avezzano ligg 695 meter over havet i eit kupert terreng med mange bakkar. Sør for byen er den utturka Fucinosjøen, i nord og vest reiser seg fjell, medan det er sletteland mot aust

Soge endre

Den nærliggjande Fucinosjøen vart utturka i 1875. Vatnet var det største i Mellom-Italia og var rik på fisk, men hadde ikkje naturleg avløp, noko som gjorde det til utklekkingsstad for malariamyggen. Dessutan svelte vatnet opp i våtsame periodar, og omgjevnadene vart overfløymde. Den tidlegare vassbotnen vart omgjort til eit særleg frodig landbruksområde.

13. januar 1915 vart Avezzano råka av eitt av dei kraftigaste jordskjelva som er registrert i Italia. Totalt i kring 30 000 menneske mista livet, 9 238 i sjølve Avezzano. Omkring 120 000 menneske var heimlause etter katastrofen. Byen vart jamna med jorda, einast ei fløy av Orsini-borga stod att etter skjelvet. Av dei omkring 11 000 ibuarane slapp berre ca 300 uskadde frå hendinga.

Byen vart gjenopbygt med like, parallelle gater og grøne område, og kom snøgt i godt gjenge.

Kjelder endre