avisa Bellona

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bellona (fleirtyding).

Bellona var ei nyheitsavis som vart utgjeven i Kristiansand. Første avisa kom ut den 1. september 1807. Bellona vart redigert av stiftsprost Christian Sørensen. Ho var laga etter mønster av ei nyheitsavis utgjeven av Niels Wulfsberg i Christiania (Oslo). Desse to var blant dei første nyheitsavisene i Noreg.