Azzan ibn Qays al Bu Said (død 30. januar 1871) var imam av Oman frå 1868–1871. Han var son av Qays ibn Azzan, som i sin tur var sonesons son av Ahmad ibn Said, grunnleggjaren av Al Bu Said-dynastiet. Azzan ibn Qays tok makta etter å ha avsett den fjerne slektningen sin Salim ibn Thuwayni. Han kjempa så mot onkelen til Salim, Turki ibn Said, i slaget ved Dhank, før han blei drepen i slaget ved Muttrah i 1871.[1] Turki ibn Said etterfølgde han som sultan.

Azzan ibn Qays

Fødd19. hundreåret
FødestadMuscat
Død1870
DødsstadMuttrah
FøregangarSalim ibn Thuwayni
EtterfølgjarTurki ibn Said
DynastiAl Said

Kjelder

endre
  1. Lorimer, John (1915). Gazetteer of the Persian Gulf. British Government, Bombay. s. 729.