Flu i sjøen
(Omdirigert frå Båe)
Ei flu (norrønt flúð) er ei grunne i sjøen som er under vatn i flod sjø,[1] men kan vera synleg[2] eller tørt ved fjøre. Ei liknande grunne er båe (norrønt boði), eit blindskjer som sjøen bryt over.[3]
Som andre skjer og grunner kan fluer føra til grunnstøytingar, forlis og dødsulukker.[4] Fluer på mellom like under overflaten og 0,5 meter under er avmerkte på sjøkart med ein kross med fire prikkar rundt.[2]
Kjelder
endre- ↑ «flu» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 «Symbolene i kartet«, batmagasinet.no; Sveinung Bendiksen. «Mange skjær i sjøen» (10.jan. 2007), aftenbladet.no
- ↑ «båe» i Nynorskordboka.
- ↑ «Ulukker i Solund», Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, nrk.no