Bård Bjerkeland

norsk fotballspelar

Bård Ivar Bjerkeland (fødd 8. desember 1961) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vart dobbel cupmeister og dobbel seriemeister med Lillestrøm Sportsklubb i tida 1981-89. Den storvaksne midtstopparen spelte tre landskampar for Noreg i 1986-87.

Bård Bjerkeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1961 (62 år)
Oslo
Yrke fotballspelar

Bjerkeland var knytt til Lillestrøm SK frå 1980 til 1989, og seinare i 1990 og 1993. I sine år med laget var han med å vinne noregsmeisterskapen i 1981 og 1985 og seriegullet i 1986 og 1989. Hausten 1989 reiste han til tyske FC Nürnberg, men klarde ikkje å spele seg inn på laget. Han returnerte då i 1990 tilbake til Lillestrøm, før han i sesongane 1991 og -92 tok plass i midtforsvaret til osloklubben Lyn. I 1993 avslutta han karrieren med spel i Lillestrøm.

Hausten 1986 og våren 1987 spelte Bjerkeland tre av Noregs OL-kvalifiseringskampar mot Sommar-OL 1988.

Kjelder endre