Bårdsnakken (227 moh.) er eit lite fjell i Landesalpane. Bårdsnakken ligg heilt sør-vest i Landesalpane, sentralt i Ørskog kommune i Møre og Romsdal. Fjellet er lett tilgjengeleg både frå Ådalen og Lande. Det er mest vanleg å parkere ved Ørskog vidaregåande skule. Frå Ørskog vidaregåande er det totalt 142 høgdemeter til toppen. Frå toppen er det god utsikt mot vest. Trea i toppområdet gjer at utsikta er dårlegare mot sør, aust og nord.