Bærøya
- For øya i Aure kommune, sjå Berrøya.
65°52′31″N 12°37′00″E / 65.87528°N 12.61667°E
Bærøya | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland fylke | ||
Kommune | Alstahaug kommune | ||
Bærøya 65°51′37″N 12°36′44″E / 65.8604°N 12.61232°E |
Bærøya er ei om lag 4 km lang øy i Vefsnfjorden i tidlegare Tjøtta, no Alstahaug kommune. Berggrunnen på øya består i hovudsak av kalkspatmarmor.[1]
Namnet kan ha samanheng med at det er er plukka bær, då helst molter, på øya.[2]
Det er fem fastbuande på Bærøya i 2016, flest i Bærøyvågen. Dei har postadresse 8880 BÆRØYVÅGEN. Øya har hurtigbåtsamband til Tjøtta og Husvika i Halsfjorden.