Bøddel
(Omdirigert frå Bøddelen)
Bøddel er ein person som har som yrke eller oppgåve å setje i verk dødsdommar, det vil seie å avretta dei som er dømde til dødsstraff.[1] Ofte var det òg bøddelen som skulle pine dei som skulle avhøyrast under tortur, eller dei som skulle torturerast i samband med avrettinga. Sjølv i vår tid kan det vere utvalde personar som har som fast oppgåve eller yrke å stå for avretting i land som framleis nyttar dødsstraff.
Skarprettar (frå lågtysk) er ein bøddel som nyttar øks eller sverd som reiskap.[2] Skarprettar var den offisielle norske nemninga for den som avliva folk som vart dømde etter straffelova til å døy.
Nemninga bøddel vert òg nytta i daglegtalen om ein særs brutal person.
Referansar
endre- ↑ Bøddel i Nynorskordboka, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 14. mai 2012
- ↑ Skarprettar i Nynorskordboka, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 14. mai 2012