Bølefjorden i Nord-Trøndelag

Koordinatar: 64°24′50.911″N 10°35′51.673″E Bølefjorden er ein fjord i Flatanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 7 km søraustover til Bøle og Drageid i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Rugholmen i vest og Risholmen i aust. Småværet er ei lita bygd på austsida av fjorden ved innløpet. Det ligg fleire småbruk langs austsida av fjorden, medan vestsida berre har eit par isolerte gardar. Heilt i botn av fjorden ligg Drageid, eit eid på om lag 300 meter der grensa til Sør-Trøndelag går. På andre sida av eidet ligg Svesfjorden.

Fv492 går langs delar av austsida av fjorden.