BBC Three
BBC Three er ein britisk fjernsynskanal, som fokuserer på dramaseriar, komediar og enkle nyhende. Han sender frå 19:00 til 04:00 kvar dag, sidan han deler bandbreidda med CBBC som sender om dagen. 80 prosent av produksjonane er eigenproduserte, ein stor del samanlikna med dei kommersielle konkurrentane.
