BTR-70 (russisk БТР-70) er eit sovjetisk pansra personellkøyretøy. Det har åtte hjul og eit lite, konisk tårn føre på vogna. Mellom andre og tredje settet med hjul er det litt større mellomrom, og der sit ei dør.

BTR-70

BTR-70 er ei vidareutvikling av BTR-60. Det vart først vist offentleg på ein militærparade i Moskva i 1980. Hovudskilnadene til føregangaren er at BTR-70 har kraftigare motorar, betre utsyn innanfrå og luke på sida av kjøretøyet for infanteripersonell.

BTR-70 vart utvikla ved designbyrået Dedkov i Gorkij-Arzamaz under namnet Obiekt 60. Det kom i produksjon i 1972. Sjølv om produsenten vanlegvis vert oppgjeve til å vera bilfabrikken Gorkij, så vart produksjonen av denne og etterfølgjande BTR-80 gjort på nabofabrikken Arzamas.[1]

Kjelder endre

  1. Jane's Armour and artillery 1997-98, ISBN 0-7106-1542-6

Bakgrunnsstoff endre