Opna hovudmenyen

Baabda distrikt (arabisk قضاء بعبدا, Qada' Baabda), stundom skrive B'abda, er eit distrikt (qadaa) i Libanonfjella i Libanon, sør og aust for hovudstaden i Libanon, Beirut. Det administrative senteret er Baabda.

Baabda distrikt
بعبدا
region
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
guvernement Libanonfjella guvernement
Adm. senter Baabda
Areal 194 km²
Folketal 500 000
Folketettleik 2 577 / km²
Tidssone EST (UTC+2)
Plasseringa i Libanon
Plasseringa i Libanon
Wikimedia Commons: Baabda District

Regionen er òg populært kalla Sør-Matn (arabisk المتن الجنوبي, ِ Al Matn al Janoubi), for å skilje det frå Matn distrikt (arabisk قضاء المتن الشمالي, Qada' Al Matn ash Shimali),

DemografiEndra

Innbyggjarane i Baabda distrikt er hovudsakleg maronittiske katolikkar, sjiamuslimar og drusarar. Maronittane er den største gruppa, etterfølgd av sjiamuslimae og drusarane. Sunnimuslimar, greske katolikkar og ortodokse kristne bur òg i området.

Sjiamuslimane i Baabda distrikt bur hovudsakleg på kysten, like sør for Beirut. Dette området vert òg kalla «Dahye» eller dei sørlege forstadane til Beirut. Drusarane lever i fjellområda lenger inn i landet.

HistorieEndra

I Baabda ligg fleire rav-stader som er 120 millionar år gamle, der ein har avdekt nokre av dei eldste øglene, mellom anna baabdasaurus, og mange insekt.

ByarEndra

KjelderEndra