Bahar
Bahar, baar, behar, bhar, bhara eller bokard var ei masseeining som tidlegare vart nytta i arabiske land, og særskild for krydder i India og Indonesia. Storleiken varierer mellom 180 og 400 kg. I Arabia var ein bahar (òg kalla bokard) lik 204 kg; i britiske område 254 kg (der òg kalla candy).
Kjelder
endre- «bahar» (18. februar 2012) i Store norske leksikon, snl.no.