Baihua, eigentleg baihuawen (kinesisk skrift 白話文 / 白话文, pinyin báihuàwén, 'kvardagsleg tale'), er det moderne alminnelege kinesiske standardspråket. Det utgjer det grammatiske og leksikalske grunnlaget for normert moderne mandarin.

I motsetning til klassisk kinesisk er baihua meir forståeleg for dei breiare lag av den nordkinesiske folkesetnaden, og dermed mykje betre tilgjengeleg som talenorm. Derfor blir det sett på som overgangen frå klassisk kinesisk til baihua i lærebøkene tillagt ei svært stor tyding i den kinesiske moderniserings- og demokratiseringsprosess i overgangstida rundt fallet til Qing-dynastiet.

Blant dei viktigaste pådrivarane for dette språknormeringsskiftet var intellektuelle som Hu Shi, Chen Duxiu og Lu Xun.

Kjelder endre