Baikačearru
vidde i Berlevåg i Finnmark
Baikačearru er eit fjell i Berlevåg kommune i Finnmark.[1] Det ligg nord for Gulgofjorden, og har ei høgd på 430 meter over havet. Toppen av fjellet er eit breitt platå med særs lite vegetasjon.
Baikačearru | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Berlevåg | ||
Høgd | 430 moh. | ||
Baikačearru 70°43′20″N 28°38′55″E / 70.722219°N 28.648594°E |
Namn
endreBaikačearru er eit nordsamisk samansett ord og kan på norsk omsetjast til noko som «møkkavidde»[2][3]. Truleg fekk det namnet sitt etter det skrinne landskapet som det ligg på.
Referansar
endre- ↑ «čearru på bokmål | Nordsamisk-bokmål oversettelse | DinOrdbok», www.dinordbok.no, henta 26. desember 2019
- ↑ «baika». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 30. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Baikačearru» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2019.