Bakteriofag ΦSA012
Bakteriofag ΦSA012 er ein bakteriofag i slekta Twortlikevirus i Myoviridae som snyltar på gule stafylokokkar. Han har ein hale på 237 ± 19 nanometer (kring 2,5 gonger lengre enn kapsidet).
Ein studie fann at eit protein i ΦSA012 bind seg til α-N-acetylglukosamin, ei molekylgruppe som kan finnast på tekoidsyra i selleveggen til gule stafylokokkar. Eit anna protein bind seg til ryggraden på teikoidsyremolekylet.
ΦSA012 vert i lag med andre virus i Twortlikevirus-slekta rekna som lovande kandidatar for bakteriofagterapi og som påvisingsagentar.
Kjelder
endre- Takeuchi, Ippei; et al. (oktober 2016). «The Presence of Two Receptor-Binding Proteins Contributes to the Wide Host Range of Staphylococcal Twort-Like Phages». Applied and Environmental Microbiology. doi:10.1128/AEM.01385-16. Arkivert frå originalen 28. oktober 2016.
- Synnott, Aidan J.; et al. (juli 2009). «Isolation from Sewage Influent and Characterization of Novel Staphylococcus aureus Bacteriophages with Wide Host Ranges and Potent Lytic Capabilities». Applied and Environmental Microbiology. doi:10.1128/AEM.02641-08. Arkivert frå originalen 3. mai 2017.