Ballade (frå fransk, av provençalsk ballada, 'dans[evise]') kan visa til ulike episke eller stemningsfulle musikkstykke. Omgrepet er særleg knytt til ein visesjanger frå mellomalderen som breidde seg til store delar av Europa. Desse songane var truleg opphavleg brukte til dans, men hadde eit viktig forteljande element. Slike balladar gjekk inn i folkemusikken. I Skandinavia blir denne tradisjonen gjerne kalla mellomalderballadar.

'Ballade' (1898) av Maria Wiik.

Sidan blei nemninga «ballade» brukt om mange typar songar med episk innhald, etterkvart også om lyriske, langsame melodiar utan tekst, eller om stemningsfylte, gjerne triste dikt med eller utan melodi.

Kjelder endre

  Denne musikkartikkelen som har med litteratur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.