Ballarat
Ballarat er ein by i Australia med 85 197 innbyggjarar (2006). Byen ligg i delstaten Victoria, 105 km nordvest for delstatshovudstaden Melbourne.
Ballarat | |||
by | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Areal | 113,7 km² | ||
Folketal | 116 201 (21. august 2021)[1] | ||
Ballarat 37°33′39″S 143°50′51″E / 37.560833333333°S 143.8475°E | |||
Wikimedia Commons: Ballarat |
Det blei funne gull like ved Ballarat i 1851. Dette førte til eit innrykk av 10 000 gullgravarar på under eit år. Dette endra byen frå ein liten landsby til den største byen i Victoria nett då.
Veksten til Ballarat gjekk mykje ned etter 1880-åra, og byen blei raskt overskugga av Melbourne som den viktigaste i delstaten.