Balta Ialomiței

Balta Ialomiței er ei øy i Donau som ligg i Ialomița og Călărași fylke i Romania. Ho er omgjeve av to greiner av Donau kalla Borcea og Dunărea Veche. Opphavleg var øya dekt av myrer, skogar, innsjøar og tjern, men noko av øya vart drenert og nytta til jordbruk. Stundom vert desse områda framleis oversvømde. Motorvegen A2 går over øya.

Balta Ialomiței
øy
Balta Ialomiţei flooded bgiu.jpg
Land Flag of Romania.svg Romania
Map
Balta Ialomiţei
44°30′10″ N 27°59′43″ E
Wikimedia Commons: Balta Ialomiței

KjelderEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Romania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.