Baltsjug (russisk Ба́лчуг) er ei øy midt i sentrum av Moskva i Russland i Moskvaelva og like ved Kreml. Det gamle elveleiet til Moskvaelva vart omforma til Vodootvodnyjkanalen i 1786. Ho er ein viktig del av det historiske Zamoskvoretsjyje-området. Administrativt høyrer ho til bydelane Zamoskvoretsjyje og Jaakimanka.

Baltsjug
øy
tUtsyn mot Baltsjug og Moskvaelva sett frå Kreml
Land  Russland
Kart
Baltsjug
55°44′40″N 37°37′00″E / 55.744444444444°N 37.616666666667°E / 55.744444444444; 37.616666666667

Strengt tatt referer namnet Baltsjug berre til den korte gata med same namnet som kryssar midten av øya parallelt til Bolsjoj Moskvoretskij-brua og tre kvartal rundt gata. Øya, som dei andre øyane i Moskvaelva, har ikkje noko namn på russisk (verken offisielt eller uoffisielt) og kvart nabolag på øya har i staden sitt eige namn.

Kjelder endre