Lung Leg

(Omdirigert frå Bandet Lung Leg)

Lung Leg var ei skotsk indiegruppe som blei skipa i 1994 og oppløyst i 1999. Ho var påverka av rørsle som post-punk og riot grrrl, samlekassetten C86 og gruppa The Fire Engines.[1]

Lung Leg
Aktiv1994-1999

Historie

endre

Lung Leg blei danna i Glasgow i 1994. Medlemmane var Jane McKeown («Jane Egypt») på bass og vokal, Annie Spandex og Maureen Quinn («Mo Mo») på gitar og vokal og Amanda Doorbar («Jade Green») på trommer. Kvartetten gav ut EP-ane The Negative Delinquent Autopsy (1994) og Shagg the Tiger (1995) på merket Piao!; begge blei kåra til «Single of the Week» av Melody Maker. Dei to EP-ane blei seinare samla på albumet Hello Sir på Kill Rock Stars i 1997.

Doorbar forlet gruppa i 1996, og blei erstatta av Todd Parmenter. Denne nye samansetjinga spelte inn debutalbumet til gruppa, Maid to Minx, som blei gjeve ut i 1997 på merket Vesuvius. Teksten til tittelsporet var skrive av Danny Saunders (no del av Correcto).

McKeown var òg trommespelar for Dick Johnson på same platemerke. Då Quinn forlet Lung Leg i 1997, rekrutterte dei erstattaren hennar, Philippa Smith, frå Dick Johnson. Denne siste lineupen starta sin einaste turné i USA i 1998 med The Make-Up, og spelte inn dei to siste singlane sine, «Krayola» i 1998 og «Maid to Minx» (ei nyinnspeling av tittelsporet frå debutalbumet) i 1999.

Lung Leg blei oppløyst etter ein siste avskjedskonsert i mai 1999; ein remiksa og delvis nyinnspelt versjon av debutalbumet blei gjeven ut i august det året på Southern Records.

Andre prosjekt

endre

Jane McKeown danna seinare Peter Parker med Roz Davies (Josephine og Miss the Occupier), Jeremy Mills (Peeps into Fairyland, Idlewild) og Tori Firth. Ho danna så bandet Spread Eagle med Jeremy Mills. Annie Spandex spelte bass ei stund før ho danna sitt eige band, Normal Service.[1]

Medlemmar

endre
  • Jane «Jane Egypt» McKeown - vokal, bass (1994-1999)
  • Annie Spandex - vokal, gitar, fiolin (1994-1999)
  • Maureen «Mo Mo» Quinn - vokal, gitar (1994-1997)
  • Amanda «Jade Green» Doorbar - vokal, trommer (1994-1996)
  • Todd Parmenter - vokal, tromme (1996-1999)
  • Philippa Smith - vokal, gitar (1997-1999)

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
  • Maid to Minx (1997, Vesuvius; 1999, Southern Records)[2]

Singlar og EP-ar

endre
  • The Negative Delinquent Autopsy 7-tommars EP (1994, Piao!)
  • Shagg the Tiger 7-tommars EP (1995, Piao!)
  • "Right Now Baby" 7-tommars single (1997, Vesuvius)
  • "Theme Park" 7-tommars single (1997, Guided Missile)
  • "Club Beatroot Part Six" 7-tommars single delt med El Hombre Trajeado (1997, Flotsam & Jetsam)
  • "Krayola" 7-tommars delt med The Make-Up (1998, Vesuvius/Southern Records)
  • "Maid to Minx" 7-tommars single (1999, Southern Records)

Samlealbum

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre