Bandspektrum
Bandspektrum spektrum med karakteristiske område der spektrallinjene ligg så tett at dei, sett med dårleg oppløysing, ser ut til å danna eit kontinuerleg spektrum. Kvart slikt område vert kalla eit band. Bandspektra er karakteristiske for molekyl. Bandstrukturen, det vil sei mengda av spektrallinjene, avstanden og den relative intensiteten innan eit band, gjev opplysningar om den indre strukturen i molekyla.
Kjelder
endre- båndspektrum. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/båndspektrum