Barāqish eller Barāḳish[1] (arabisk skrift براقش) er ein by nordvest i Jemen, 190 km aust for Sana'a i provinsen al-Jawf. Byen ligg i wadien Farda. Romarane og grekarane kalla byen Athlula (eller Athrula).[2]

Baraqish
by
Land  Jemen
Guvernement Al Jawf guvernement
Koordinatar 16°0′N 44°48′E / 16.000°N 44.800°E / 16.000; 44.800
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Kart
Baraqish
16°00′N 44°48′E / 16°N 44.8°E / 16; 44.8

Barakish var busett frå tidlege tider og ein generasjon har bygd husa sine over ruinane av tidlegare. Ein kan framleis sjå ruinane av ein kuppel, ein moské, ein brunn og eit tårn, i tillegg til mange potte- og glaskar. Det budde folk i byen fram til 1960-åra, men han er no fråflytta og fortida okkupert av militæret.

Historie endre

Den gamle byen var omgjeven av 14 meter høge murar, som framleis er synleg i dag. Muren hadde 57 tårn og to portar. Inskripsjonar nemner at muren vart bygd av sabearar i 450 fvt. Byen var på sitt viktigaste kring 400 fvt., då han vart hovudstaden i kongedømet til minearane. Minearane flytta hovudstaden sin til Qarnawu, og Barakish vart verande eit slags religiøst senter.

Arkeologar meiner at ruinane av eit tempel sør i byen vart tileigna guden Athtar. Tempelet er særs typisk i mineisk stil og består av 16 søyler og saumar. Det finst eit anna tempel i sentrum av byen, men berre fire av søylene står framleis.

Ei gruppe italienske arkeologar oppdaga nyleg eit tempel med taket intakt. Inni fann dei ei rekkje steintavler eller alter med oksehovud i endane, og ein trur det har vore tileigna ein gud for læking.

Ein romersk hær passerte gjennom byen i 20-åra fvt., kommandert av Aelius Gallus.[3] Ein har funne grava til den romerske kavaleristen P. Cornelius i byen.[4]

Kjelder endre

  1. Nokre gonger også skrive Baragish etter den lokale jemenittiske uttalen (t.d. i Encyclopaedia Brtannica, 1911)
  2. Cass. Dio 53.29.8; Strabon 820.
  3. Strabon: Geographica (xvi . 4 . 22).
  4. Rich, J.W. (1990): Cassius Dio: the Augustan Settlement (Roman History 53-55.9), p165

Bakgrunnsstoff endre