Ei barlowlinse er ei divergerande linse som i praksis aukar blenderet hos eit optisk system. Ho er kalla opp etter oppfinnaren, den engelske ingeniøren Peter Barlow.

A - Objektiv, B - Barlowlinse

Innan astronomi vert barlowlinser nytta like føre okularet for å minske brennvidda. Sidan forstørringa til eit teleskop er lik brennvidda til teleskopet delt på brennvidda til okularet, blir nettoeffekten at bilete vert forstørra. Av denne årsaka vert astronomiske barlowlinser klassifiserte etter den forstørringa dei gjev. Dei vanlegaste barlowlensene forstørrar to gonger, men det finst òg dei som forstørrar 3x eller har ei forstørring som kan justerast.

Kjelder

endre