Barnekardiologi er læra om hjartesjukdommar hos barn. Dette vil ofte vera dei medfødde hjartefeila. Barnekardiologien er ikkje ein eigen spesialitet i Noreg, men er ein del av både kardiologien og pediatrien. Av di kardiologi på si side er ei grein av indremedisin blir barnekardiologi humoristisk omtala som ein «kvistspesialitet».

Starten på barnekardiologien kan ein trekke attende til Maude Abbotts kapittel om medfødde hjartefeil i William Oslers System of Medicine frå 1908.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.