Barsok eller St. Bartholomeusmesse vert feira 24. august til minne om apostelen Bartolomeus.

Detalj av ein primstav med merket for barsok til høgre.

I følgje tradisjonen omvendte Bartolomeus kongen av Armenia, men da bror til kongen oppdaga det, let han Bartolomeus bli flådd levande og deretter halshogd.

Primstavmerket var ein kniv, og dagen er somme stader kalla Baro bukkekniv, fordi det no var tid for å slakte bukkar som ikkje var gjelda. Dagen var heimfarardag for dei som låg på setrane. Elles er dagen knytt til ulike vêrmerke: «Barsokfrost gjer mange matlause.»

Kjelder endre