Basskasse, og kalla subwoofer, er ein høgtalar som vert nytta i lågfrekvensområdet. Føremålet er både å oppnå høge lydtrykk ved låge frekvensar og å avlasta hovudhøgtalarane i lågfrekvensområdet.

Aktiv basskasse.

Høyrselen har mykje lågare varleik i bassområdet enn i mellomtoneområdet og det krevst stor akustisk effekt for å oppnå realistiske lydtrykk. Elektrodynamiske høgtalarar er massekontrollerte og nedre grensefrekvens (-3 dB-frekvensen) ligg rett under resonansfrekvensen. For å oppnå låg resonansfrekvens må membranen plus opphenget ha stor masse, noko som går ut over varleiken.[1] Basskassar vert difor drivne av kraftige effektforsterkarar.

Føremoner med basskassar endre

For at utstrålt effekt frå membranen i ein høgtalar med lukka-kasse skal vera uavhengig av frekvensen må membranutslaget auka med 12 dB/okt. når frekvensen vert redusert. Ein låg nedre grensefrekvens krev difor eit stort membranutslag, og/eller stort membranareal for å levera stor akustisk effekt.

Når membranutslaget aukar aukar òg forvrengninga[2] Bruk av basskasse fører til at hovudhøgtalarane vert avlasta, slik at dei ikkje må gje att den djupaste bassen, noko som reduserer membranutslaget og difor forvrenginga til basselementa i hovudhøgtalarane. For at det ikkje skal gå ut over stereoperspektivet bør ikkje delefrekvensen mellom hovudhøgtalarane og basskassen plasserast for høgt. Når ein nyttar berre ein basskasse vert delefrekvensen ofte plassert ved 80 - 100 Hz, men om hovudhøgtalarane har små basselement kan delefrekvensen plasserast så høgt som 100–120 Hz.

Samspelet mellom hovudhøgtalarar og basskasse endre

Basskassar vert som oftast drivne av eigne effektforsterkarar, men mange basskassar er òg aktive. Delefilteret som deler frekvensområdet mellom basskassane og hovudhøgtalarane kan vera passivt eller aktivt. Når ein basskasse og eit par hovudhøgtalarane skal gje att ulike delar av frekvensområdet er delefiltret ein kritisk komponent, som helst burde lagast spesielt for kvar enkelt kombinasjon av hovudhøgtalarar og basskasse. Når hovudhøgtalararane og basskassen er produsert av konkurrerande føretak er dette sjeldan tilfelle. Mange delefiltre er difor dårleg tilpassa oppgåva og dette er ein av grunnane til at basskassar kan vera vanskelege å integrera med hovudhøgtalarane. I profesjonell samanheng vert det nytta elektroakustiske målingar for å justera delefiltret.

Kjelder endre

  1. Eargle, J., Loudspeaker handbook, 2. utg., Kluwer Academic Publ., 2003.
  2. Klippel, W., Tutorial: Loudspeaker nonlinearities - Causes, parameters, symptoms, J. Audio Engineering Society, bind 54, nr 10, okt. 2006, ss. 907-939.

Sjå òg endre