Bastard

ord brukt om folk som var fødd utanfor ekteskap, eller som ein ville terga ved å kalla mor deira lettliva
Sjå òg: Bandet Bastard

Ordet bastard kjem frå det norrøne bastarðr som tyder frilleson.

Det er blitt brukt om folk som var fødd utanfor ekteskap, eller som ein ville terga ved å kalla mor deira lettliva. På engelsk er ordet gått over til å bli eit skjellsord som avhengig av situasjonen kan vera svært grovt eller spøkefullt.

Ein har òg brukt ordet bastard med nedsetjande tyding om menneske med foreldre frå forskjellige sosiale lag eller folkegrupper, eller om dyr av blandingsrase, særleg hundar.

Eit anna, mindre nedsetjande ord for kryssingar mellom ulike plante- og dyregrupper er hybrid.