Bay of Isles er ei bukt mellom Cape Buller og Cape Wilson langs nordkysten av Sør-Georgia. Ho vart oppdaga i 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook og ho fekk dette namnet av han på grunn av dei mange øyane (minst tolv) i bukta.[1] Mange av desse øyane er kalla opp etter lokale fuglar som:

Bay of Isles
bukt
På kartet til Pendleton er bukta omtalt som «Bay of Island»
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°2′S 37°20′W / 54.033°S 37.333°W / -54.033; -37.333
Lengd km
Kart
Bay of Isles
54°02′00″S 37°20′00″W / 54.0333°S 37.3333°W / -54.0333; -37.3333
Bay of Isles is located in Antarktis
Bay of Isles (Antarktis)

Området er i lag med Grytviken eit av to turistområde på øya. Av 31 hekkande fugleartar på Sør-Georgia finn ein 17 her i bukta.

Rosita Harbour ligg på vestkysten av bukta.

Kjelder endre

  1. «Isles, Bay of». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. oktober 2012. 
  • Stonehouse, B (ed.) Encyclopedia of Antarctica and the Southern Oceans (2002, ISBN 0-471-98665-8)

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Isles, Bay of» (innhald frå Geographic Names Information System).