Behamberg er ein kommune (Gemeinde) i distriktet Amstetten i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 20,3 km² og i kring 3 400 ibuarar. Behamberg ligg 2 km aust om byen Steyr i Oberösterreich.

Behameberg kyrkje

Landsbyen/krinsen Behamberg/Penz, 504 meter over havet, hyser kommunesenteret og er heimstad til om lag 1900 menneske. Dei andre ibuarane er fordelte på tre mindre krinsar/grender.

Kjelder

endre