Bela Krajina

Bela Krajina (tysk Weißkrain eller Weiße Mark, tyder Kvite Krain) er ein tradisjonell region søraust i Slovenia ved grensa til Kroatia. Dei største byane her er Metlika, Črnomelj og Semič og den største elva er Kolpa, som òg dannar grensa mellom Slovenia og Kroatia. Terrenget består hovudsakleg av låge åsar og bjørkeskogar.

Plasseringa til Belaja Krajina i Slovenia
Kvite Krain. Her med elva Kolpa og fjellet Gorjanci.

Kvite Krain er òg kjend for dei gode vinane, som Metliška črnina (ein mørk raudvin), Belokranjec (ein kvitvin) og Modra frankinja (Blaufränkisch, ein raudvin).

KjelderEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Slovenia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.