Bella Tola er eit 3 025 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjellet ligg på fjellryggen mellom Val d'Anniviers og Turtmanntal i kantonen Valais, ryggen som samstundes dannar språkgrense. Toppane på same ryggen lenger mot sør har såleis både tyske og franske namn. Turtmannspitze og Meidspitz heiter på fransk høvesvis Pointe de Turtmagne og Aiguilles du Maiden.

Bella Tola
fjell
Land  Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 3 025 moh.
Koordinatar 46°13′53″N 7°38′46″E / 46.23139°N 7.64611°E / 46.23139; 7.64611
Kart
Bella Tola
46°13′53″N 7°38′46″E / 46.231388888889°N 7.6461111111111°E / 46.231388888889; 7.6461111111111
Wikimedia Commons: Bella Tola

Bella Tola er den nordlegaste 3000-meterstoppen i denne fjellrekka, som over ei strekning på 10 kilometer frå Les Diablons knapt ligg lågare enn 2800 meter. På nordsida av Bella Tola ligg ein mindre bre, Bella-Tola-Gletscher.

Kjelder endre