Belle-Île-en-Mer
Belle-Île eller Belle-Île-en-Mer (ar Gerveur på bretonsk) er ei øy i Frankrike utanfor kysten av Bretagne i departementet Morbihan og den største av dei bretagnske øyane. Ho ligg 14 km frå halvøya Quiberon.
Belle Île | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Biscayabukta |
Koordinatar |
|
Areal | 83,76 km²
|
Høgaste punkt | Près du hameau de Borvran (63 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Frankrike |
Departement | Morbihan
|
Demografi | |
Folketal | 4735 (1999) |
Folketettleik | 57 /km² |
Øya dannar eit kanton, som er delt inn i fire kommunar:
Geografi
endreØya måler 17 km x 9 km og har ei gjennomsnittleg høgd på 40 meter. Kysten er ei blanding av farlege bratte klipper på sørvestsida, Côte Sauvage (‘Vill kyst’), og stille og rolege strender og hamner på nordaustsida. Den største stranda heiter les Grands Sables. Øya har eit maritimt klima, men har mindre regn og mildare vintrar enn fastlandet.
Dei to hamnene er Le Palais (med ferjesamband til Quiberon) og Sauzon (med ferjesamband til Quiberon og Lorient).
Det var tidlegare skog på øya, men denne forsvann for lenge sidan på grunn av aukande jordbruk.
Historie
endreBelle Île vart separert frå fastlandet rundt 6000 fvt., tidlegare enn naboøyane Houat og Hœdic. Arkeologiske funn frå bronsealderen har vist at øya fekk auka folketal i denne tida, sannsynlegvis på grunn av betre sjøfaring.
På 800-talet høyrte Belle-Île til fylket Cornouaille.
Ymse
endreOm sommaren aukar folketalet på øya kraftig, då mange folk kjem til ferieheimane sine på øya, og på grunn av dei avsideliggande og rolege strendene og stadane.
Lyrique en Mer/Festival de Belle Ile er den største operafestivalen vest i Frankrike. Han vart grunnlagd i 1998 av den amerikanske operasongen Richard Cowan, og festivalen set opp to operaer kvar sommar, dirigert av Philip Walsh og regissert av Cowan. I tillegg vert det halde religiøse konsertar i dei fire historiske kyrkjene på øya, i tillegg til mindre konsertar. Lyrique en Mer har brei støtte blant det franske foretningssamfunnet og frå Conseil General, Conseil Regional og Senatet i Paris.
Ein del av handlinga til boka Musketerenes siste bedrifter (The Man in the Iron Mask) av den franske forfattaren Alexandre Dumas den eldre finn stad på øya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Belle Île» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2007.