Bellyelva

(Omdirigert frå Belly River)

Belly River, eller Bellyelva, er ei elv i Nordvest-Montana i USA og Sør-Alberta i Canada. Ho er ei bielv til Oldman-elva, som sjølv er ei bielv til South Saskatchewan-elva.

Bellyelva
elv
Kart
Bellyelva
49°46′08″N 113°02′10″W / 49.768888888889°N 113.03611111111°W / 49.768888888889; -113.03611111111
Wikimedia Commons: Belly River

Namnet på elva kan koma frå blackfoot-ordet mokowan, frå mokoan, som tyder 'mage'. Elva blei tidlegare kalla Mokowan River.[1] Gros ventre-namnet er ʔinɔ́tɔnníícááh, som også tyder 'mageelv'.

Elva har gjeve namn til Belly River Formation frå krittida, som blei observert ved breidda hennar av George Mercer Dawson i 1883.[2]

Belly River spring ut i Nordvest-Montana ved Helen Lake, nær foten til Ahern Peak i Glacier National Park. Ho renn mot nord over 49. nordlege breiddegrad inn i Alberta nær Chief Mountain, aust for Waterton Lakes nasjonalpark. Ho fortset mot nord, blir kryssa av Highway 6 og Highway 5, og renn nær busetnadane Hill Spring og Glenwood, før ho renn mot nordaust. Ho blir kryssa av Highway 2 nord for Stand Off, og fortset mot nord langs botnen av Mokowan Ridge, der ho tek imot vatn frå Waterton River. Ho byrjar å renna i meandrar før ho vender mot aust rundt Wild Turnip Hill, før ho renn ut i Oldman River vest for Coalhurst, sør for Highway 3, i ei høgd på 875 meter (2 871 ft).

Bielver

endre

Frå utspringet til munningen renn desse elvene ut i Belly River:

  • North Belly River
  • Mami Creek
  • Dipping Vat Lake
  • Bullhorn Coulee
  • Layton Creek
  • Waterton River
  • McNab Coulee

Kjelder

endre
  1. Geographical Names of Alberta. «Belly River». Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 22. mars 2009. 
  2. Dawson, G.M., 1883. Preliminary report on the geology of the Bow and Belly river region, Northwest Territory, with special reference to the coal deposits. Geological Survey of Canada, Report of Progress for 1880-81-82, Part B.