Benedikt Doll
Benedikt Doll (fødd 24. mars 1990) er ein tysk skiskyttar frå Titisee-Neustadt i Baden-Württemberg. Han vart verdsmeister på 10 km under VM i skiskyting 2017 i Hochfilzen. Doll har elles sikra seg tre VM-sølv i ulike stafettevlingar og tok to bronsemedaljar under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang.
Benedikt Doll | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 24. mars 1990 Titisee-Neustadt |
Idrett | skiskyting |
Tok del i |
AktivEndra
Doll gjekk ein etappe for det tyske mannskapet som kom på sølvplass i 4 x 7,5 km stafett då VM i skiskyting 2016 fann stad i Oslo, gullet gjekk til Noreg. Året etter kneip han gullmedaljen på 10-kilometeren ved verdmeisterskapen i Hochfilzen, etter feilfri skyting slo han norske Johannes T. Bø med 0,7 sekundar. Under dei olympiske vinterleikane 2018 i Sør-Korea tok Doll bronsen på jaktstarten, OL-bronse nummer to fekk han så i 4 x 7,5 km stafett. Ved VM i skiskyting 2019 i Östersund gjekk Doll som ankermann inn til sølv for to ulike stafettlag, høvesvis i mixstafett og i mannsstafett. I begge tvelingane stod norske lag i vegen for tyske triumfar.
Pr 19.3.2019 er VM-triumfen i Hochfilzen Dolls einaste siger i eit individuelt renn i verdscupen i skiskyting. To gongar har han vorte nummer 2 og ein gong nummer 3.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Benedikt Doll» frå Wikipedia på tysk, den 19. mars 2019.