Opna hovudmenyen

Benjamin Hermansen (29. mai 198526. januar 2001) var ein gut som vart stukken ned med kniv og drepen på Holmlia i Oslo, like før midnatt fredag 26. januar 2001, av personar frå den nynazistiske grupperinga BootBoys. Joe Erling Jahr, Ole Nicolai Kvisler og Veronica Andreassen vart dømt til høvesvis 18, 17 og 3 års fengsel for drapet.

Benjamin Hermansen
2016 Benjamin.jpg
Fødd 29. mai 1985
Holmlia
Død

26. januar 2001
Holmlia

Ettersom drapet var rasistisk motivert, mobiliserte store delar av Noreg seg. Over heile landet vart det arrangert fakkeltog for å vise avsky mot drapet. I Oslo deltok omtrent 40 000 menneskje i markeringa.

I 2002 vart det oppretta ein eigen pris til minne om Hermansen; Benjaminprisen. Den vert delt ut 27. januar kvart år.

Hermansen vart gravlagd 6. februar 2001. Songen «Song to Benjamin» vart då framført. Songen vart seinare spelt inn i studio med kjende artistar som Nora Noor og Briskeby.