Benkove ostrovy

Benkove ostrovy er ei gruppe på tolv øya (0,6 hektar) i Gabčíkovo-reservoaret sør for Bratislava, og vest for landsbyen Kalinkovo i Slovakia. Dei vart bygt i 2006 og 2007 som ein del av flaumvernet for den slovakiske hovudstaden. Øyane vart òg bygd for å gje hekkande vadefuglar i området høve til å hekke her etter at dei mista hekkeplassane sine då reservoaret vart bygt i 1992.

Benkove ostrovy.JPG

Gruppa består av 12 øyar, dei fleste av dei utan vegetasjon eller med ruderalplanter. Dei fleste øyane er 10 meter brei og 50 meter lange med ei høgd på 1-2 meter.

Av fuglar som har starta å hekke på øyane finn ein stokkand, dverglo og linerle. I tillegg vart det observert trekkfuglar som silkehegre, gluttsnipe og andre sjeldne artar.

KjelderEndra