Bent Svele (fødd 26. februar 1962) er ein norsk tidlegare handballspelar og -trenar frå Holmestrand.

Bent Svele
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. februar 1962 (62 år)
Idrett handball

Svele var rykkromspelar og den sentrale spelaren då IF Urædd var seriemeister i 1985, 1988 og 1992, samt noregsmeister i 1987. Åra 1984, 1988 og 1992 vart han kåra til årets handballsplear i Noreg. Elles spelte han på Nøtterøy IF, spanske Cajamadrid og Málaga, samt Kristiansand IF. Ei tid trente han handballaget til Stavanger IF.

Svele debuterte på det norske landslaget 1. februar 1983. Fram til februar 1989 deltok han i 120 landskampar og skåra 355 mål.

Kjelder

endre