Bentsjordgodset er namnet på den søre delen av det såkalla Tromsøgodset. Tromsøgodset er kort sagt kongen sine eigedomar i Tromsø futedømme, som alle vart selt i 1666 av kong Fredrik III til Joachim Irgens, ein hollending som mellom anna dreiv bergverk på Røros. Bentsjordgodset fekk namnet sitt fordi denne delen av det store jordegodset var i familien Moursunds eige frå 1783, og familien hadde hovudsetet sitt på Bentsjord i Malangen. Rundt år 1900 var jorda stort sett selt til dei forskjellige oppsittarane, og godset var dermed oppløyst.

Kjelde endre

Omsett frå Wikipedia på bokmål 29.10.07