Berefjord
Berefjord eller Berrefjord er ein liten fjord i Flekkefjord kommune, like sør for Åna-Sira. Fjorden er berre 1,5 km lang og har innløp rett sør for Holmen. Lenger inne i fjorden ligg Foreholmen. Fjorden har ei vinkelrett form og snur krapt austover om lag halvvegs. I det nordvestlege «hjørnet» i fjorden ligg Strandebakken, der det ligg eit forsamlingshus.
Berefjord | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Flekkefjord | ||
Berefjord 58°15′43″N 6°27′51″E / 58.26184194°N 6.46408111°E |
Det er fem gardar ved fjorden, Homma, Håskog, Vatland, Skarpenes og Polland, men det er ikkje lenger nokon fastbuande.[1] Det er ei hyttegrend ved Vatlandstjødna like nordom Strandbakken, og det er veg frå Åna-Sira til Strandbakken. Fjorden er elles veglaus.
Referansar
endre- ↑ Jan Helge Trelsgård og Tordis Midtbø (1995). Bygdebok for Åna-Sira og Berrefjord. Åna-Sira: Eige forlag. s. 33.
Bakgrunnsstoff
endre- Jan Helge Trelsgård og Tordis Midtbø (1995). Bygdebok for Åna-Sira og Berrefjord. Åna-Sira: Eige forlag.