Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling er definert som ei utvikling som tilfredsstiller behova til dagens generasjon utan å øydeleggje høvet for kommande generasjonar til å få dekt sine behov.[1] Berekraftig utvikling omfattar både økonomisk berekraft, berekraft for miljøet og sosial berekraft, der også den kulturelle dimensjonen inngår.

Eit døme på ein ressurs som bør styrast etter prinsippet om berekraftig utvikling, er torsk. For nokre få år sidan vart det lagt fram tal som viste at torskefangsten i verda har gått ned med 70% sidan 1970. Også for den norske kysttorsken er situasjonen særs alvorleg.

Berekraftig utvikling vart sett på dagsordenen då Brundtlandkommisjonen la fram rapporten «Vår felles framtid» i 1987. Riokonferansen om miljø og utvikling i 1992 var ein milepåle i det internasjonale miljøarbeidet.

Berekraftig produksjon endre

Berekraftig produksjon er tufta på integrering av omsynet til miljøet i heile verdikjeda – frå produksjon av råvarer, til materialforedling, industriell produksjon, produktutvikling, distribusjon og sal. Omgrepet føreset òg dokumentasjon av livsløpet til produkta.

Berekraftig forbruk endre

Berekraftig forbruk inneber at forbrukarane har ei miljømedviten åtferd når dei vel materialar og produkt, og at dei bidreg til å utnytte gjenbrukseigenskapane til produkta.

FNs berekraftsmål endre

I 2015 vart medlemslanda i FN samde om 17 berekraftsmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stanse klimaendringane innan 2030.[2][3] Berekraftsmåla gjeld alle landa i verda, og eitkvart land skal sørgje for å følgje opp og oppnå desse måla.

Kjelder endre

  1. United Nations. (1987)."Report of the World Commission on Environment and Development." General Assembly Resolution 42/187, 11. desember 1987. Henta 14. april 2023.
  2. «The 17 Goals» (på engelsk). United Nations. Henta 14. april 2023. 
  3. «FNs berekraftsmål». FN-Sambandet. Henta 14. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre