Berestol
Berestol er ei innretning for persontransport som blir bore av to eller fleire menneske. Det kan vera eit praktisk transportmiddel i tronge gater eller ulendt terreng.

Sedanstol er ein type lukka bærestol for ein person. Bildet viser ein variant som blei vist i «Den tyrkiske landsbyen» under World's Columbian Exposition i 1893
Ein berestol er som regel utstyrt med to berestenger og blir som regel boren av to eller fire menn. Berestol med kalesje og dør med vindauge, såkal;a portechaise, var mykje brukt av aristokratiet og det høgare borgarskapet i Europa på 1600- og 1700-talet. Han kom trurleg til Europa frå Kina. I Aust-Asia og India har berestolar vore nytta heilt opp i moderne tid.
KjelderEndra
- «bærestol» i Store norske leksikon, snl.no.